Ragnhild Akselberg Tonheim: Tolkingsfellesskap og individualitet
”Interpreters do not decode poems; they make them” (s. 80) hevder den amerikanske professoren Stanley Fish i ”How to recognize a Poem When You See One” frå 1987. Fish argumenterer for at det er lesaren, med utgangspunkt i forankra sosiale rammar eller ”fortolkingsfellesskap”, som er skaparen av diktet. Korleis skjer dette? Å seie at lesaren av ein tekst er han som ”skapar” teksten betyr i prinsippet at ein kvar tekst kan vera eit dikt. Produsenten av diktet vert irrelevant, det er ikkje nødvendig at teksten er produsert av ein forfattar eller poet med intensjon om å skriva ein dikt. At ein kvar tekst kan vera eit dikt illustrerer Fish ved å leggje fram sitt eige eksperiment med ei gruppe studentar: Studentane kjem inn til undervisning, og på tavla står ei liste namn frå den førre timen. For studentane presenterer Fish lista over namn som eit dikt. Studentane byrjar så å analysera ”diktet”. Til tross for at lista ikkje eigentleg var skrive som eit dikt, finn likevel studentane ei...