Ragnhild Akselberg Tonheim: Tolkingsfellesskap og individualitet


”Interpreters do not decode poems; they make them” (s. 80) hevder den amerikanske professoren Stanley Fish i ”How to recognize a Poem When You See One” frå 1987. Fish argumenterer for at det er lesaren, med utgangspunkt i forankra sosiale rammar eller ”fortolkingsfellesskap”, som er skaparen av diktet. Korleis skjer dette?

Å seie at lesaren av ein tekst er han som ”skapar” teksten betyr i prinsippet at ein kvar tekst kan vera eit dikt. Produsenten av diktet vert irrelevant, det er ikkje nødvendig at teksten er produsert av ein forfattar eller poet med intensjon om å skriva ein dikt. At ein kvar tekst kan vera eit dikt illustrerer Fish ved å leggje fram sitt eige eksperiment med ei gruppe studentar: Studentane kjem inn til undervisning, og på tavla står ei liste namn frå den førre timen. For studentane presenterer Fish lista over namn som eit dikt. Studentane byrjar så å analysera ”diktet”. Til tross for at lista ikkje eigentleg var skrive som eit dikt, finn likevel studentane eit stort tolkingspotensiale i lista med namn. Om måten dei går fram på for å gjere analysen seier Fish: ”It was almost as they were following a recipe” (1987, s. 80). Vidare hevder han at etter å ha vorte instruert i kva ein skal sjå etter i eit dikt, vil ein ”produsera” det ein forventar å sjå. Til dømes vil ein både leita etter og finna meiningsberande symbolbruk og andre kompleksitetar dersom ein har ein forventning om at det skal vera der.

Når ein vert fortalt at teksten ein skal lesa er eit dikt nyttar ein altså ”diktlesarblikket”, som fører til at ein les teksten på ein annleis måte enn det ein ville gjort elles. Dette fenomenet stikk i fylgje Fish djupare enn som så, faktisk er det heilt grunnleggjande for menneskelege sosiale reglar. Fish skisserer ein undervisningssituasjon kor ein student rekk opp handa. Både professoren og resten av studentane er innforstått med at handsopprekkaren ber om ordet. Dersom ein aldri før har vore i eit klasserom kunne ein tolka handsopprekkinga heilt annleis. Dette er eit døme på eit tolkingsfellesskap – vi skjønar kva eleven vil fordi vi har lært kva handlinga betyr. Til grunn for dette, og for Fish sitt syn på lyrikk, ligg ei forståing om at mennesket handlar ut i frå djupt forankra kulturelle reglar og normer, og at desse påverkar kva vi tenkjer og meiner. I dette ligg òg at mennesket er meir regel- og oppskriftsbundne enn det ein gjerne trur.

Det er ein kjend sak at kulturelle og sosiale kodar er grunnleggjande for samhandling mellom menneske – men i kor stor grad kan det verte overført til dikttolking? Vi veit at eksperimentet til Fish tilseier det, men det er ikkje gitt at dette uformelle eksperimentet gir heile sanninga. Gruppa Fish testa eksperimentet på ei gruppe studentar med fordjuping i religiøs lyrikk frå 1600-talet. Namnelista, eller ”diktet”, består av fem verselinjer med kristne og hebraiske namn, som for studentane kan ha meiningsberande kvalitetar ved seg. Det øvste namnet er samansett av to namn og dermed er denne linja lengre enn dei andre. Det vert difor påpeika at forma blant anna liknar ein kross. Både namna og forma har altså, ikkje overraskande, mogeleg religiøse tolkingspotensiale. Dermed kan ein seie at eksperimentet som er dømet Fish nyttar, i betydeleg grad er illustrativ til teorien. Ein skal heller ikkje gløyme det kontekstuelle: når ein gruppe studentar vert fortalt av forelesaren sin, som hierarkisk er over dei og som har betydeleg meir kunnskap om faget enn det studentane har sjølve, så er det naturleg at ein går inn for å tolka teksten som eit dikt. Det er ikkje dermed sagt at ein kvar tekst til ein kvar tid kan verte tolka som eit dikt.

Som vi har sett argumenterer Fish for at ein alltid vil tolka litteratur i lys av eit tillært rammeverk. Dette rammeverket legg føringar på korleis ein forstår litteratur, samt innehar det kriterier for kva som gjer at ein ser på litteratur som bra eller mindre bra. Det modellen derimot ikkje seier noko om, er eventuelle variasjonar innfor same tolkingsmiljø. Claudi skriv i Litteraturteori at Fish overser moglegheita for at det kan eksistera motsetningar på innsida av eit fortolkingsfellesskap (Claudi, 2017, s. 126). Dette er kanskje det største holet i Fish sin teori. For korleis kan ein forklara at folk innfor dei same tolkingsrammene har ulike meiningar om eitt og same dikt? To personar, det kan vera litteraturprofessorar eller personar med eit minimalt nivå av kunnskap om lyrikk, kan vera usamde om kor bra eit dikt er – til tross for at dei har same type bakgrunn, har lese det same og delar ei grunnforståing om kva lyrikk er. Ein diktanalyse kan vera så forskjelleg. Det finst ei rekkje ulike lesingar av dei fleste store diktverk, eit døme kan vera ”Dagen svalnar…” av Edith Södergran. Det har blitt gjort psykoanalytiske, feministiske analyser, historisk-biografiske tolkingar, poststrukturalistiske analyser, nykritiske tolkingar og sikkert mange fleire typar lesingar. Til tross for at ein inngår i tolkingsfellesskapet kor ein vert gjeven reglar, så vert reglane brukt annleis frå person til person. Fish gjev inga forklaring på korleis ein innfor dei same tolkingsramane kan ha ulike tolkingar. Kanskje ikkje mennesket er så oppskriftsbunde som Fish hevdar. Til tross for at sosialt konstruerte reglar som er djupt forankra i kulturen pregar handlings- og tankemønster, så skal ein ikkje gløyme innverknaden individualiteten har.

Sosiale rammar eller tolkingsfellesskap har ein innverknad i forståinga av litteratur, det er noko dei færraste avvis. Fish er likevel drastisk i sin påstand om at eit dikt berre vil oppstå i tolkingsfellesskapet, og at diktet sitt einaste kriterium for å vera eit dikt er at folk les det som eit dikt. Til tross for tilhøyr i same tolkingsfellesskap vil den individuelle forståinga gjere at folk opplev og forstår dikt ulikt. Oversjåinga av at det kan eksistera motsetningar i same fortolkingsfellesskap, samt eit illustrativt eksperiment til sine eigne poeng gjer at teorien til Fish vert ståande som noko upåliteleg.

Litteraturliste
Claudi, M. B. (2013). Litteraturteori. Bergen: Fagbokforlaget
Fish, S. (1987). How to Recognize a Poem When You See One. Prins, Yoopie & Jackson (Red.), The Lyric Theory Reader: A Critical Antology. (s. 77–85). Johns Hopkins University Press



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Fredrik Bjerknes: "Straff"

Usman Andreas Ahmad: "Til en Gran", romantikken, paradokset og fremmedgjøringen

Karoline Braadland: "Ved Rundarne"