Ragnhild Akselberg Tonheim: Klimakrise og religiøsitet
Det vesle mennesket i den store verda er ein mykje brukt trope i lyrikken. I diktsamlinga og når det blir lyst blir det helt fantastisk av Kristin Berget kjem dette til uttrykk på fleire plan. Mennesket verker lite og makteslaust i møtet med den dominerande og mektige naturen. Naturframstillinga er i stor grad knytt til det økokritiske, men interessant nok har dikta òg ein religiøs undertone. Korleis vert dei økokritiske og religiøse aspekta knytt saman? Det religiøse aspektet er jamt over til stade gjennom heile samlinga, både gjennom eksplisitt ordbruk, symbolbruk og gjennom konnotasjonar. Ord som Gud, treeinigheit og davidsstjerne har tydelege bibelske referansar, og let seg naudig verte tolka annleis. Konnotativt ligg det derimot gjerne ein bibelsk referanse der det òg er snakk om naturutfordringar som fylgje av klimakrisa. Naturfenomen står sentralt i dikta, til dømes er hav og ørken to kontrastive element som speler viktige roller. I eit økokritisk perspektiv vil