Ragnhild Akselberg Tonheim: Klimakrise og religiøsitet


Det vesle mennesket i den store verda er ein mykje brukt trope i lyrikken. I diktsamlinga og når det blir lyst blir det helt fantastisk av Kristin Berget kjem dette til uttrykk på fleire plan. Mennesket verker lite og makteslaust i møtet med den dominerande og mektige naturen. Naturframstillinga er i stor grad knytt til det økokritiske, men interessant nok har dikta òg ein religiøs undertone. Korleis vert dei økokritiske og religiøse aspekta knytt saman?
            Det religiøse aspektet er jamt over til stade gjennom heile samlinga, både gjennom eksplisitt ordbruk, symbolbruk og gjennom konnotasjonar. Ord som Gud, treeinigheit og davidsstjerne har tydelege bibelske referansar, og let seg naudig verte tolka annleis. Konnotativt ligg det derimot gjerne ein bibelsk referanse der det òg er snakk om naturutfordringar som fylgje av klimakrisa. Naturfenomen står sentralt i dikta, til dømes er hav og ørken to kontrastive element som speler viktige roller. I eit økokritisk perspektiv vil ein tenkje på stigning av hava som ein konsekvens av klimakrisa. Dette er fakta vi veit og som allereie er i gong med å skje. Ørkenar vil på si side verte tørrare og vekse seg større. Samstundes er hav og ørken typiske bibelske motiv, og særleg havet er hyppig nemnt i domedagsprofetien i Johannes’ openberring. Verset ”havet kan reise seg når som helst” (Berget, 2017, s. 26) illustrerer nettopp dobbeltheita mellom økokrise og religiøse undertonar. Mennesket står overfor ein mektig natur som antyder stigningar i havet som fylgje av klimakrise, og i tillegg er religiøse domedagsprofetiar nærverande.                                   
Kontrasten mellom det lyse og det mørke er framståande gjennom heile samlinga. Mørkret er den dominerande stemninga som skapar ei gjennomgåande dyster kjensle. Tittelen styrkjer oppfatninga av mørkret som det dominerande omstende; “og når det blir lyst blir det helt fantastisk” legg til grunn eit fråvær av lys som ein håpar vil koma ein dag. Altså står ein no i mørkret og ser fram til lyset som ein dag skal koma. Dette kjem fram i fylgjande døme:
Vi står i denne mørke skogen      Som ligger inntil det sorte oseanet
Bølgene bryter       Barken bryter        Stemmene bryter       Samtalene fører vi
hver for oss (Berget, 2017, s. 38)

Her oppheld dikt-eget seg i ein mørk skog ved eit svart osean, altså er det ein tydeleg mørk dominans. Bilete av hav går att, og kan som sagt vera eit bilete på både økokrise og domedagsprofetiar. Dikt-eget oppheld seg altså i mørkret, og i fylgje tittelen er mørkret det aktuelle stadiet. Det er plausibelt å tolka mørkret som ei tid i økokrise. Lyset kan då vera menneskelege endringar som fører til at ein staggar eller løyser klimaendringane. Ein kan òg vera open for ein alternativ tolking – mørket kan vise til den siste tida til menneska som ventar domedag, og lyset som redning i form av frelse. Begge tolkingane styrkar den dystre kjensla ved at mørket er det aktuelle stadiet. Samtalene, som kan vera eit bilete på dialog og samarbeid, og dermed kanskje løysninga på økokrisa, vert ikkje gjennomført.
Samlinga er som nemnt prega av ei mørk og dyster stemning. Likevel er det tidvis glimt av håp. Vi har allereie vore inne på korleis tittelen legg til grunn at det ein dag vil bli lyst, det er snakk om når og ikkje viss. Eit vers som underbyggjer eit håp er fylgjande: ”Alt må tilgis et øyeblikk / Det må finnes en nåde / som hvisker like bak” (Berget, 2017, s. 33). Her vert det uttrykt ein tanke eller eit håp om nåde og tilgiving. Kven det er som kan tilgje og kva denne personen/makta skal tilgje er ikkje tydeleg, men det er nærliggjande å opne for moglegheita for at han som skal tilgje er ein guddommeleg makt. På den måten kan ein sjå teksten i eit domedagsperspektiv. I syndefallet finst det to utvegar; ein kan anten verta dømd, eller ein kan oppnå frelse. Det finst altså ein positiv utveg, og det er håpet om denne utvegen dikt-eget klamrar seg fast til. I eit økokritisk perspektiv vil ein òg ha to moglege utfall, anten går det bra ved at mennesket finn ein måte å handtera klimaendringane på, eller (i verste fall) går verda under.
Til tross for tidvis glimt av håp, er som sagt den dystre stemninga dominerande i dikta. I versa ”La deg ikke lure  dette er ikke et folkeeventyr  Dette er vi beveger oss stadig inn / mot mørket” (Berget, 2017, s. 31) vert det uttrykt ei negativ utvikling. Til tross for at ein allereie er i mørkret er det ingen grunn til å vera optimistisk, det kan faktisk verta endå mørkare. På same måte som dikt-eget klamrar seg fast i det som kan verke som eit ”guddommeleg håp”, skjer det motsette vel så ofte. Ein tvil kva gjeld det guddommelege og religiøse er fleire stader nærverande, til dømes i fylgjande vers: ”skal vi hviske bønner over den tørre sanda / og ikke vite om noen svarer” (Berget, 2017, s. 44). Her spør dikt-eget seg om ein kan lite på noko ein ikkje veit om vil redda ein. I fylgjande strofe skjer liknande: ”Dette er vårt første minne:  Kirken  sett fra motsatt side av dalen  Nedsnødd / opplyst av lyskastere / På innsiden foregår et sakrament  Fulle kar fylles  Tilgivelse deles ut  Vi lyver” 
(Berget, 2017, s. 37). Her har det religiøse aspektet i kraft av det rituelle eit menneskeleg drag over seg. Det vert her sagt at mennesket lyg – for seg sjølv?
Det er mogeleg at utsegna viser til ein falsk tryggskap. Ved å lita på at ein større kraft vil redda ein, kan ein enklare fråskrive seg ansvar og tenkje at alt vil løyse seg til slutt.
I og når det blir lyst blir det helt fantastisk nyttar Berget eit språk som knytt saman aningar om religiøse dommedagsprofetiar med klimakrise i naturvitskapleg ånd. På same måte som domedagen har to utgongar, frelse eller undergang, har klimakrisa litt forenkla òg to moglege utfall – anten går det bra eller så går det under. Det vesle mennesket på den store jorda med mektig natur kring seg er eit viktig bilete. Biletet skapar ei kjensle av avmakt, som kan vera både naturkrefter som fylgje av økokrise eller guddommelege makter. Å framstille økokrisa med religiøse undertonar har ein forsterkande verknad på opplevinga av dikta. Dikt-eget verkjer lite og makteslaust, både fysisk og sjeleleg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Fredrik Bjerknes: "Straff"

Usman Andreas Ahmad: "Til en Gran", romantikken, paradokset og fremmedgjøringen

Karoline Braadland: "Ved Rundarne"