Inger Helgestad: «Samtidslyrikkens udvidede felt» av Louise Mønster


I kapitlet «Samtidslyrikkens udvidede felt» i Ny nordisk tek Louise Mønster for seg sentrale endringar og utviklingstendensar innanfor samtidslyrikken. Mønster viser til korleis lyrikken har overskride grenser med tanke på både formidlingsinstans og sjanger, og viser til ein aukande grad av «tværæstetisk og intermediale værker» og eit «øget interesse for poetiske genrer som spoken word, poetry slam og rap» (Mønster 2016, 16). Men kva har det eigentleg å seie for lyrikken at Internett og sosiale media har gjort sitt inntog også på dette fagområdet?
«Bogen er ikkje længere lyrikkens endegyldige medium» skriv Louise Mønster (2016, 16). Utbreiinga av Internett og den seinare utviklinga til store plattformar som sosiale media, nettstadar og bloggar, har revolusjonert fleire fagområde, deriblant litteraturen og lyrikken. Internettet har eksempelvis opna opp for nye publiserings- og distribueringsmåtar, og aspirerande lyrikarar er ikkje lenger like avhengig av å sleppe gjennom forlagas tronge nålauge for å nå eit potensielt publikum. Lyrikken på Internett inneheld både tradisjonell og eksperimentell lyrikk, men tilgangen til nye og alternative media fører utvilsamt til nye, unike lyriske uttrykk.
Også i Noreg er det lett å sjå korleis nye media og alternative publiseringsplattformar har fått poesien til å blomstre på ein nye måte og til å nå eit nytt publikum. Eksempelvis så har dikting og poesi på sosiale media vakst seg relativt stort, og det finst opptil fleire Instagramprofilar som eine og åleine publiserer dikt på sine kontoar. Dette kan både vere godt kjende dikt av veletablerte poetar, eller det kan vere nye, eksperimentelle dikt av poetar som er foreløpig ukjende. Eit av dei mest aktuelle døma er kontoen Ren Poesi, styrt av Ellen Wisløff, med nesten 100 000 følgjarar. I etterkant av sin suksess har kontoen i tillegg vore eit utgangspunkt for fleire fysiske diktsamlingar som også har hatt gode salstal.
Kva tyder det så for lyrikken og litteraturen at Internett og sosiale media har blitt så viktig? For det første kan ein nok seie at desse utviklingstendensane er positive for lyrikken dersom målet er å nå ut til flest mogleg. Mange av følgjarane til dei nemnde poesikontoane på Instagram er nemleg ungdommar, og blant desse er det nok fleire som ikkje hadde oppsøkt lyrikken like aktivt, dersom det innebar å gå i ein bokhandlar eller eit bibliotek for å kjøpe eller låne ei diktsamling. Det at lyrikken også finst på sosiale media, omdefinerer dikt frå å vere noko litt traust og keisamt som står på norskpensum, til å bli noko spennande og morosamt som ein møter på ungdommen sine eigne kanalar. Det dreg diktet ut av dei strenge rammene som finst i skulen, og inn i ungdommane si private sfære. Og det at fleire av den yngre generasjon får augo opp for lyrikk og kva lyrikk kan vere, må vel kunne reknast som positivt, både for vårt samfunn og for lyrikkens framtid.
Vidare i «Samtidslyrikkens udvidede felt», nemner Mønster også eit anna viktig utviklingstrekk ved dagens lyrikk, nemleg det auka fokuset på «performance», og auka i samarbeidet mellom lyrikken og andre kunstartar, eksempelvis lyd og musikk (2016, 33). Også her er Internett ein viktig bidragsytar, men det er likevel ikkje dette som er den viktigaste scena for denne typen lyrikk, då dette framleis går føre seg i den fysiske verda (Mønster 2016, 33-34). Mønster skildrar korleis desse tendensane i samtidslyrikken har ført poesien vekk frå førestillinga om ein skjult og einsam forfattar, og fram til ei rolle der forfattaren er ein viktig del av realiseringa av vedkommande sine eigne verk (2016, 35). Forfattaren er ikkje lenger den ukjende, litt mystiske skikkelsen bak orda, men den som ein no ser på scena, den som no framfører sine eigne tekstar og som sørgjer for at også framsyninga blir gjort på ein måte som komplimenterer og fullstendiggjer diktet.
Også i Noreg er det eit relativt stort fokus på framsyningar av poesi – både gjennom eigne arrangement for opplesingar, men også gjennom litteratur- og poesifestivalar. I samband med dette nemner Mønster også den relativt nye sjangeren «Poetry slam», på norsk kalla «slampoesi», ein sjanger som av nettstaden poesislam.no blir definerert som eit krysningspunkt «mellom diktopplesning, standup og spoken word» (2018). Mønster skriv at denne sjangeren har eksistert i Danmark sidan 1999, men at den har blitt meir etablert ettersom ein byrja å arrangere regionale og nasjonale mesiterskap (2016, 37). Denne utviklingstendensen ser ein også innanfor Noregs grenser, då det sidan 2005 har blitt arrangert noregsmeisterskap i poesislam. I dette meisterskapet blir deltakarane vurdert av fire eller fem tilfeldige juryar frå salen, og målet er å vinne publikums hjarter med både god tekst og ei engasjerande framsyning (Poesislam 2018).
Igjen er det eit poeng at lyrikken får eit breiare nedslagsfelt ved å nytte den yngre generasjonen sine eigne kanalar, med tanke på at også slampoesi nyttar Internett og sosiale media for distribuering. Samtidig er det også eit naturleg resultat at når ein sjanger utvidar seg, vil fleire personar passe inn under det som blir rekna som sjangerens potensielle publikum. Ein kan med andre ord seie at ved at lyrikken no ikkje berre handlar om diktsamlingar, men også om framsyningspoesi som til dømes slampoesi, vil fleire personar naturleg nok føle at lyrikken har noko å tilby dei. Fleire vil kunne kjenne seg att og identifisere seg med lyrikken, og fleire vil tykkje at det er ein spennande del av kulturen og litteraturen. Poenget er altså ikkje at ein skal slutte å lese diktsamlingar, men at kanskje også dei som ikkje vil lese diktsamlingar, kan finne eit felt innanfor lyrikken som snakkar til dei. Så igjen; dersom målet er å få fleire til å bli interesserte i lyrikk, så kan ein kanskje ikkje anna enn å helse også denne utviklinga velkommen, og setje pris på at lyrikken tek følgje med resten av samfunnet når store utviklingar skjer.
Det er utan tvil mogleg å konstatere med at Internett, og seinare sosiale media, på mange måtar har revolusjonert lyrikken også. I tillegg til å skape heilt nye moglegheiter og vilkår for unike lyriske uttrykk som ikkje hadde vore mogleg på papir, er Internett i tillegg ein ny formidlingskanal som gir nye lyrikarar og forfattarar moglegheita til å marknadsføre seg sjølv i større grad enn før. Internett er også viktig for dei nye formene som fokuserer på presentasjon og framsyning, som til dømes slampoesi, for sjølv om desse stort sett går føre seg på ei fysisk scene, spelar Internett og sosiale media ein viktig rolle som formidlings- og distribueringskanal. Desse sentrale utviklingstendensane i samtidslyrikken bidrege utvilsamt til å spreie lyrikken, og har nok resultert i at fleire har fått augo opp for dikt og dikting – også fleire ungdommar som kanskje ikkje hadde kjøpt ei diktsamling i bokhandlaren. Sjølv om lyrikken nok (forhåpentlegvis) aldri vil ta steget vekk frå bøkene, er det kanskje riktig å seie som Louise Mønster: «Bogen er ikke længere lyrikkens endegyldige medium».

Litteraturliste
Mønster, Louse. 2016. «Samtidslyrikkens udvidede felt» i Ny nordisk. Lyrik i det 21. århundrede. Aalborg: Aalborg universitetsforlag.
Poesislam Norgesmesterskap. 2018. «Om Poesislam». Lest 23. februar 2018. http://poesislam.no/om-poesislam/


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Fredrik Bjerknes: "Straff"

Usman Andreas Ahmad: "Til en Gran", romantikken, paradokset og fremmedgjøringen

Karoline Braadland: "Ved Rundarne"