Inger Helgestad: «Når skal du dra hjem igjen?» av Sumaya Jirde Ali


«Når skal du dra hjem igjen?» er ein del av diktsamlinga Kvinner som hater menn, skriven av Sumaya Jirde Ali. Ali er for mange ein kjend personlegdom i den offentlege samtalen, då ho er samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen og redaksjonsmedlem for tidsskriftet VOKS. I tillegg skildrar ho seg sjølv som «aktivist» og «stolt feminist», noko som også kjem tydeleg til syne i denne samlinga (Ali 2017). I denne boka tek ho føre seg tema som eksempelvis rasisme, kjærleik, feminisme og kjensla av å høyre til – eit sentralt element i nettopp «Når skal du dra hjem igjen?».
Diktet «Når skal du dra hjem igjen?» er eit på mange måtar originalt dikt som skil seg frå resten av samlinga til Ali. Originaliteten i diktet kjem tydelegast til syne i forma, då diktet berre består av to setningar som blir gjentekne fleire gonger. Dei to setningane er «Når skal du dra hjem igjen?» og «Hvorfor føler du ikke tilhørighet?», og dei blir gjentekne til saman 32 gonger. Trass i at diktet på denne måten har ei veldig enkel oppbygging, seier det samtidig veldig mykje med få ord.
Ein god startposisjon er å sjå på kven diktet omhandlar, altså kven som blir snakka til. Kven er «du»? Ein kan på bakgrunn av innhaldet seie at spørsmåla «Når skal du dra hjem igjen?» og «Hvorfor føler du ikkje tilhørighet?» antyder at den som blir snakka til er ein person med innvandrarbakgrunn. Eit menneske som nokon andre tydelegvis meiner at har sin heim ein annan stad. På grunnlag av Sumaya Jirde Alis eigen bakgrunn som født i Somalia og vaksen opp i Bodø (Drønen 2017), er det også rimeleg å anta at personen som blir snakka til, «du-et», er eit menneske med omlag same bakgrunn som ho sjølv. Denne tanken blir vidare underbygga av at Ali sjølv har uttalt at dikta hennar tek utgangspunkt i hennar eigne erfaringar (Drønen 2017).
Så, dersom mottakaren er ein person med innvandrarbakgrunn, kven er det då som snakkar? Kven er det som tiltalar du-et og ber det om å reise heim eller om å føle meir tilhøyrsle? Det er lett å tenkje seg at setningane representerer haldningar som fleire innvandrar har blitt eller kan bli møtt med i kvardagen, særleg dersom ein også her hugsar Ali sitt utsegn om å basere sine dikt på eigne erfaringar. I og med at det første spørsmålet er sopass negativt og aggressivt lada som det er, er det nok vidare mogleg å anta at personen bak spørsmålet ikkje er venleg innstilt til innvandring. Det andre spørsmålet kan derimot lesast på ulike måtar – både som eit aggressivt spørsmål frå nokon som meiner at mottakaren ikkje har gjort ein god nok innsats for å bli integrert, og som eit spørsmål med bakgrunn i omtanke og i eit ønske om å finne ut kva som kan gjerast for at mottakaren skal kunne føle ein større grad av tilhøyrsle. Her finst det ingen tydelege fasitsvar, då det i stor grad avhenger av kva intensjon den som stiller spørsmålet har. Men det er uansett tydeleg at mottakaren blir stilt i midten av dei to spørsmåla utan moglegheit til å gi eit tilfredsstillande svar.
Vidare er det sentralt å spørje kva desse to setningane eigentleg tyder? Og kvifor er dei sett opp mot kvarandre på denne måten? Dersom ein som nemnd går ut frå at dette er haldningar og utsegn frå andre nordmenn, kan ein sjå på kvar desse spørsmåla moglegvis stammar frå. I integreringsdebatten er hovudspørsmålet nettopp korleis ein skal få menneske som innvandrar til Noreg til å føle seg heime, til å føle at dei høyrer til - og til tider verkar det som om det handlar om å gjere dei mest mogleg «norske» på kortast mogleg tid. Samtidig er det også kjend for dei fleste, særleg for dei som har lest kommentarfelt på Internett, at også spørsmålet «Når skal du dra hjem igjen?» ikkje er eit ukjent spørsmål for mange med innvandrarbakgrunn, særleg for dei som deltek i den offentlege samtalen. Ved å setje desse to setningane opp mot kvarandre, svarar Sumaya Jirde Ali på mange måtar på spørsmålet om kvifor ho ikkje føler tilhøyrsle ved å vise til det motsette spørsmålet.
Også bruken av verkemiddel er essensielt i dette diktet, og då særleg nytta av oppattaking. Som nemnd blir dei to setningane skrivne opp att til saman 32 gonger, altså er oppattakinga ikkje berre eit verkemiddel, men eigentleg det heile diktet byggjer på. Nettopp dette verkemiddelet er sentralt for at lesaren skal forstå diktet best mogleg og kjenne på dei kjenslene poeten ønsker å formidle. Personleg sat eg att med ei kjensle av håpløyse, ei kjensle av å vere fanga blant alle spørsmåla og av å mangle eit godt svar til dei. Det er også essensielt at spørsmåla er så motstridande, for det finst nemleg ikkje noko godt svar som dekker begge to. Ein kjenner seg overmanna av spørsmåla, og nettopp oppattakinga gjere at ein i større grad forstår at dette er spørsmål og haldningar som eit menneske med innvandrarbakgrunn stadig kan møte på – ikkje berre ein gong, ikkje berre to gonger, men ofte. Og det er nettopp for å formidle denne innsikta, at nytta av oppattaking er essensiell.
Også nytten av kontrastar er viktig. Ved å stille to så ulike spørsmål, som på mange måtar er det motsette av kvarandre, sørger Ali for at lesaren sit att med fleire tankar og refleksjonar. For er det eigentleg rart at ein ikkje føler tilhøyrsle til eit land der ein stadig får spørsmål om når ein skal reise heim? Kva formidlar diktet til lesaren når det eine spørsmålet antyder at den som blir snakka til må reise ut av landet, medan det andre prøver å finne ut kvifor vedkommande ikkje føler tilhøyrsle i Noreg? Kanskje prøver det å fortelje at det er her integreringa sviktar, når det er slike haldningar mange innvandrarar opplever å bli møtt med når dei prøver å delta i det norske samfunnet, og kanskje særleg når dei deltek i den offentlege debatten, slik Ali sjølv har gjort. Ali set i dette diktet i alle fall fokus på at diskriminerande haldningar også finst innanfor Noregs grenser, og at ein som innvandrar ofte blir dregen i to forskjellige retningar – nokre vil ha deg ut, medan andre vil at du skal føle mest mogleg tilhøyrsle, fortast mogleg. Ein kan uansett ikkje vinne i denne situasjonen. 
Alt i alt er «Når skal du dra hjem igjen?» eit originalt dikt. Trass i at diktet berre består av ei oppattaking av to ulike spørsmål, klarar poeten bak å seie svært mykje med få ord. Diktet er kjenslefullt og etterlèt lesaren i refleksjon. Både dette diktet og diktsamlinga generelt fokuserer på viktige samfunnsspørsmål, der rasisme og tilhøyrsle er sentrale element, noko som kjem tydeleg fram i «Når skal du dra hjem igjen?». Som lesar sit ein att med mange spørsmål, men det er spørsmål det kanskje ikkje er meininga at det skal vere noko svar på. Spørsmål som berre skal reflekterast over. Mykje av styrken i dette diktet ligg nettopp i det som ikkje er svara på. Slik etterlèt Sumaya Jirde Ali lesaren i ei kjensle av håpløyse, ei kjensle av å ville finne svar på noko, utan å vite korleis – kanskje på mange måtar den same kjensla som hovudpersonen i diktet sjølv sit med.  

Litteraturliste
Ali, Sumaya Jirde. 2017. Kvinner som hater menn. Utgjeve av Minotenk og Frekk Forlag.
Drønen, Live. 2017. «19 år gamle Sumaya Jirde Ali debuterer som poet med boken ‘Kvinner som hater menn’». Subjekt.no. Lest 23. februar 2018. http://subjekt.no/2017/11/17/i-diktene-mine-kommer-kvinnehat-og-undertrykkelse-tydelig-fram/

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Fredrik Bjerknes: "Straff"

Usman Andreas Ahmad: "Til en Gran", romantikken, paradokset og fremmedgjøringen

Karoline Braadland: "Ved Rundarne"